Lokale forhandlingar

Lars Korff Lofthus og Sveinung Rudjord Unneland

Me ynskjer å bruke Vestlandsutstillingen 2016 til å undersøke kva det lokale kan tyde. Stadig fleire fenomen synest å røre seg på tvers av kulturelle, geografiske og nasjonale grenser. Nye nettverksformer og elektroniske skyformasjonar skapar klynger og grupperingar ein tidlegare ikkje kunne tenke seg. Det lokale har endra natur.

Samstundes oppstår produksjon av meining lokalt og kan hende ikkje i fora me oppfattar som sentrale. Skildringar av heimlege omgjevnader utgjer ei nokså uavbroten linje i kunsten. Er det relevant for deg å vere der du er for å undersøke det du vil? Me lurer på om det nære og heimlege kan få ein ny aktualitet;- ikkje for å opphøge historia, men som eit forsøk på å lokalisere oss sjølve her og no.

DELTAKANDE KUNSTNARAR I 2016: 

Anne-Lise Stenseth, Annette Kierulf, Aud Bækkelund, Cato Løland, Cecilia Jonsson, Christine Hansen, Dani Waagen Braatveit, Elin Brissman, Gard Aukrust, Jonas Silfversten Bergman, Kiyoshi Yamamoto, Kurt Johannessen, Leander Djønne, Linda Soh Trengereid, Mari Kolbeinson, Synneva Heradstveit, Tonje Bøe Birkeland, Trond Lossius & Jan Schacker, Øyvind Johnsen, Åsne Eldøy, & Co (Patrik Entian og Aleksi Wildhagen).

TURNEPLAN

23.januar – 21.februar: Kunsthuset Kabuso, Øystese.

5.mars – 3.april: Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde.

29.april – 22.mai: Kunstmuseet KUBE, Ålesund.

10.juni – 10.juli: Kunsthall Stavanger, Stavanger.

Vestlandsutstillingen beklagar at Haugesund Kunstforening diverre ikkje er visningsstad for Vestlandsutstillingen 2016. Me oppmodar vårt publikum i Rogaland om å få med seg utstillinga i Stavanger Kunsthall, med opning 10.juni. I 2017 vil Vestlandsutstillingen igjen bli å sjå i Haugesund Kunstforening.

For meir infomasjon, ta gjerne kontakt med oss direkte.

Utstillingsleiar:                                                                                                                                     

Anneli Belsvik Aras, E-post: kontakt@vestlandsutstillingen.no