Hvor har vi vært?

Hvor har vi vært?

er det noen som vet
hvilken retning det er
hvor langt det er igjen
eller hvor vi har vært*

Vestlandsutstillinga er forplikta til å representere kunstnarar og kunstverk som er knytta til den vestlege regionen i Noreg. Likevel er bekymringane og kritikken som vert presentert i denne utstillinga universelle. Sjølv om kvart kunstverk i utstillinga er unikt med sitt individuelle uttrykk, er tema som økologi og menneskeleg atferd gjennomgåande. Den noverande perioden i Jorda si historie, Antropocen, er hovudsakeleg prega av menneskeleg aktivitet og denne sin effekt på planeten vår – klimaendringar, ekstremvêr, nedbryting av ozonlaget, stadig mindre polare iskapper, og ein eksponentiell nedgang i artar i vår flora og fauna. Midt i denne miljøkrisa, legg Vestlandsutstillinga 2017 «Hvor har vi vært?» til rette for refleksjon kring menneskeleg interaksjon med miljøet i fortid, notid og mogeleg framtid.

Tittelen, tatt frå eit kunstverk av Aud Marit Skarrebo Holmen, fungerer som ein inngangsport til utstillinga ved ganske enkelt å stille spørsmålet: Kvar har menneska vore dei siste åra, både fysisk og psykisk? Har menneska si kortsiktige tenking og fornekting ført til den noverande krisa? Er fråvære av menneske eit framtidig scenario? Kvar skal me herifrå? Og kanskje endå viktigare, kva er det me etterlet oss? Med seks nasjonalitetar representert i den 95. utgåva av VU, er dei tilbodne perspektiva mange.

Verk av Per Tore Barmen og Petra Dalström skildrar på poetisk vis både det sårbare og det robuste ved naturen gjennom kyndig skulpturert tre og porselen. Sjølv om det vert kutta og forkulla, held oganisk materiale på si kjensle av integritet. I kritiske og hypnotiserande installasjonar av Else Karin Tysse Bysheim og Vania Cunha, ser me verkty for industri og kapitalisme som gummislangar og PC-tastar synt i ubrukelege haugar og knutar, forbruk og avfall ueigna for ein eventuell framtidig funksjon.

Trass i ein viss humor er Susanne Christensen sine bilete ein trist hyllest til trua artar, som ironisk nok både vert øydelagd og bevart av menneske. I Simone Hooymans sine draumeaktige animasjonar ser me frodige, urørte omgjevnader der tida går utan synlege teikn på menneskeleg inngripen.

Ein vittig kollasj av Simon Kjær antydar forsteining av menneskelige former, menneskelege relasjonar, til og med menneskelege kjensler.

Forlatne, gløymde bygningar og bustader tek hovudrolla i kunstverk av Kristina Kvalvik, Rune Werner Molnes, og Anne Helen Robberstad. Med eit vedvarande ekko av minner frå tidlegare busetnad, etterlet dei eit publikum som lurer på kor tid dei vart forlatne, kvifor, og kvar folka har gått?

Karen Helga Maurstig si handlaga bok, syner oss ord for snø og is i ulike norske dialektar, ispedd kunstnaren sine eigne teikningar og bilete. Verket fungerer som ein meditasjon over eit landskap av snø og is som raskt kan forsvinne. I eit arbeid av Kirsti Prøis, ser me samanfiltra trådar av neonplast og halm som vert eitt, i ein uatskilleleg masse. Skulpturane/relieffa til David A. Rios representerer lydbølgjer som er frest inn i tre. Dei gjenspeglar bruken av lydbølgjer som ein indikasjon på nærvær eller fråvære av menneskeleg aktivitet. Eit nytt arbeid av Ingrid Toogood presenterer ein abstrakt representasjon av røynda gjennom ei spegling og utviding av måla bilete.

Det finst håpefulle kunstverk også. I eit silketrykk av Daniel Persson, kan ein sjå ein dragefruktplante som målmedviten kryp opp og over ein mur av smuldrande betong og piggtråd. Skulpturen «Next Nature» av Nina Skarsbø antydar derimot menneskeheten sin fullstendige avstand frå naturen, og ei etablering av natur i ein versjon laga av menneske, ein natur som spring ut frå genetisk konstruksjon/manipulasjon, datavirus, og andre organiske teknologiar.

 Kvar har mennesket gått? Kva har vi etterlatt oss?

*Aud Marit Skarrebo Holmen

 

 

Where have we been?

does anybody know
which direction it is,
how far is left,
or where we have been?*

Vestlandsutstillingen is committed to the representation of artists and artworks specific to the Western region of Norway. However, the concerns and critiques presented within this exhibition are universal. Although each artwork included here is unique in its conceptual creation and subtleties, themes of ecology and human behavior run throughout the works. The current anthropocene period is an aged marked primarily by human activity and its subsequent effect on the planet – climate change, weather extremes, ozone depletion, steadily decreasing polar ice caps, and an exponential decline in flora and fauna species. In the midst of the ongoing environmental crisis, the artworks included in Where have we been? offer reflections on human interactions with our environment; past, present, and possible future.

The title, taken (directly) from an artwork by Aud Marit Skarrebo Holmen, serves as an entry point to the exhibition by simply posing the question, where have humans been in recent years, both physically and psychologically? Has humanity’s short-sighted thinking and denial led to the present crisis? Is the absence of humanity a future scenario? Where are we going from here? And perhaps more importantly, what are we leaving behind? With over six nationalities represented in the 95th version of VU, the offered perspectives are many.

Artworks by Per Tore Barmen and Petra Dalström poetically portray both the fragility and resilience of nature through deftly sculpted wood and porcelain. Though cut and charred, the organic materials retain their sense of integrity. In critical and mesmerizing installations Else Karin Tysse Bysheim and Vania Cunha, tools of industry and capitalism such as rubber tubing and plastic typing keys are shown rendered useless in piles and knots, refuse and waste unfit for any future function.

Though slightly humorous, Susanne Christensen’s photos are a sad homage to endangered species, ironically both destroyed and preserved by humans. Meanwhile, dreamlike animations by Simone Hooymans offer lush, pristine environments where time passes untouched by human intervention. A witty collage by Simon Kjær suggests the petrification of human forms, human relationships, even human emotion.

Abandoned, forgotten buildings and abodes take the center stage in artworks by Kristina Kvalvik, Rune Werner Molnes and Anne Helen Robberstad, still echoing with the memories of past habitation, and leaving viewers to wonder when they have been left, and why, and where the people have gone.

Karen Helga Maurstig’s handmade book records words for snow and ice in various Norwegian dialects, interspersed with the artist’s own drawings and imagery, serving as a meditation on a landscape of snow and ice that is rapidly disappearing. In a work by Kirsti Prøis, tangled strands of neon plastic and straw become one, inseparable mass. Sculptures by David A. Rios present sound waves milled into wood, echoing the use of sound waves as an indication of the presence or absence of human activity. And a new work by Ingrid Toogood presents an abstracted representation of reality through a mirroring and enlargement of painted images.

There are hopeful notes as well. In a work by Daniel Persson, a dragon fruit vine determinably creeps up and over a crumbling concrete and barbed-wire wall. The sculpture Next Nature by Nina Skarsbø suggests a complete departure from nature on the part of humans, and a creation of human kind’s own version of nature, one that springs from genetic engineering, computer viruses, and other organic technologies.

Where has the human gone? And what have we left behind us?

*Aud Marit Skarrebo Holmen