Årets Utstilling

Vestlandsutstillingen 2018

14.04- 17.11, 2018

Trudi Jaeger

Karen Skog

Erna Skúladóttir

& Karin Blomgren

Ragnhild Aamås

Magnhild Øen Nordahl

Eivind Egeland

Vestlandsutstillingen 2018 (VU18) er kuratert av Randi Grov Berger, og er ei annleis utgåve av den årlege utstillinga som vart etablert i 1922. VU18 består for fyrste gong av seks separatutstillingar, med kunstnarar som med sine ulike perspektiv og uttrykk utgjer ei breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena. Gjennom årets månader skal me forflytte oss gjennom regionen sine fire fylker og vitje eit knippe sentrale kunstinstitusjonar, og verte betre kjende med desse kunstnarskapa.

Me byrjar i april ved Kunsthuset Kabuso i Øystese, der Trudi Jaeger viser nye arbeid. Ljos, fargar, transparens, tid, nerve og kartografi er komponentar ho går i dialog med, og abstraherer, i sine maleri og teikningar. Vidare skal me til Haugesund Billedgalleri, der Karen Skog nyttar seg av teikning, tekst, foto og sjølvbygde instrument i ein kompleks installasjon som knyt ulike historier saman. I juni vil kunstnarduoen Skúladóttir & Blomgren presentere monumentale stadsspesifikke skulpturar som går i dialog med den kringliggjande naturen, lokalhistoria og arkitekturen ved Kunsthall Stavanger. I august dreg me vidare til Ålesund og Jugendstilsenteret og KUBE, der Ragnhild Aamås undersøkjer etterverknaden av oppbrot, heimstadleiting og tilhøyrsle mellom to byar skilde av hav. Ho jobbar i formsjangrar som collage, skulptur, foto, appropriasjon, tekstopplesing og lyd. Magnhild Øen Nordahl tek oss i september vidare til Førde og stiller spørsmål om korleis kroppen som kjelde til kunnskap er i ei krise, og korleis det kan føre til menneskeleg eksistensiell konflikt med implikasjonar for det politiske klimaet og samfunnet me lever i. Utstillinga hennar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum tek utgangspunkt i to ulike ekspedisjonar. Årets siste utstilling opnar i oktober i Bergen på visningsrommet Entrée, kor det heimlege interiøret fungerer som kulisser når Eivind Egeland skildrar familie-institusjonen som ei forlenging av heimevideoformatet, der kvardagsscenar utspelar seg med innslag av barneleik og rollespel.