Vedtekter for Vestlandsutstillingen

Vestlandsutstillingen (Org. nr. 979 467 508) vart stifta 1922 i Bergen.

 

  • 1 Foreininga sitt namn

Foreininga sitt namn er Vestlandsutstillingen

 

  • 2 Formål

Formålet til Vestlandsutstillingen er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har ei tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal visast i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Kunstnarar som er fødde i, er eller har vore fast busette i landsdelen skal ha rett til å sende inn arbeid for vurdering om deltaking.

Det er eit mål at den årlege utstillinga skal vise aktuell samtidskunst av høg kvalitet. Utstillinga skal helst visast i dei samarbeidande institusjonane sine lokale.

 

  • 3 Juridisk person

Foreininga er sjølveigande og ein frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

 

  • 4 Medlemsorganisasjonar

Stavanger kunstforeining, Haugesund kunstforening, Kunsthuset Kabuso, Sunnfjord Kunstlag, Stiftelsen Kulturkvartalet og biletkunstnarforeiningane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er medlemmer i Vestlandsutstillingen.

Årsmøtet kan vedta opptak av nye medlemmer.

Medlemsorganisasjonane kan melde seg ut av Vestlandsutstillingen med minimum eitt års varsel. Utmelding må leverast skriftleg til Vestlandsutstillingen sitt styre innan den 1. oktober.

Årsmøtet kan vedta opptak av nye medlemmer.

 

  • 5 Administrasjon

Administrasjonen av Vestlandsutstillingen vert utført av tilsett utstillingsleiar, eller ein av visningsstadene etter nærare arbeidsinstruks og samarbeidsavtale.

 

  • 6 Røysterett og valbarheit

Alle medlemsorganisasjonane har ei røyst kvar og kan stille med kandidatar til tillitsverv i foreininga.

 

  • 7 Kontingent

Foreininga har ingen medlemskontingent.

 

  • 8 Tillitsvalde si godtgjering

Tillitsvalde kan motta rimeleg honorar for sitt arbeid samt refusjon for faktiske dokumenterte utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste. Utgifter til godtgjering og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av budsjett og rekneskap.

 

  • 9 Styret

Vestlandsutstillingen vert leia av eit styre på minst 3 og maks 7. Minst 2/3 av styret skal utgjerast av representantar frå medlemsorganisasjonane. Det kan veljast inntil to varamedlemmer. Varamedlemmer har møte- og talerett på alle styremøter. Styret er høgaste mynde mellom årsmøta.

Leiar, styremedlemmer og varamedlemmer vert valde for to år. Styret bør utgjerast av minst 40% fordeling mellom kjønn.

Styret skal:

  1. Iverksetje årsmøtet sine vedtak
  2. Oppnemne etter behov komitear/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeide instruks for desse.
  3. Administrere og føre naudsynt kontroll med Vestlandsutstillingen sin økonomi i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande instruksar og vedtak i samarbeid med utstillingsleiar
  4. Representere Vestlandsutstillingen utad
  5. Velje kunstnarleg leiar

Styret skal halde møte når leiaren eller utstillingsleiaren forlangar det, eller eit fleirtal av styremedlemmene forlangar det.

Styret er vedtaksdyktig når eit fleirtal av styret sine medlemmer er til stades. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei gjevne røystene. Ved røystelikskap har styreleiar dobbeltrøyst.

 

  • 10 Valkomité

To representantar frå medlemsorganisasjonane utgjer valkomiteen. Ein representant er på val kvart år. I tillegg vert eitt varamedlem vald for eitt år. Valkomiteen vel sjølv leiar. Valkomiteen hentar inn, vurderer og fremjar forslag til styremedlemmer i dialog med medlemsorganisasjonane sine nominasjonskomitear.

 

  • 11 Årsmøte

Årsmøte, som vert halde kvart år i mai månad, er foreininga sitt høgaste mynde. Styret kallar inn til årsmøte med minst 2 månadar varsel direkte til medlemsorganisasjonane. Forslag som skal handsamast på årsmøtet skal vere sendt til styret seinast 4 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste må vere tilgjengeleg for medlemsorganisasjonane seinast 2 veker før årsmøtet.

Alle medlemsorganisasjonane deltek på årsmøtet. Medlemsorganisasjonane kan stille med fleire, men dei har bare ei røyst. Kostnader ved ekstra representantar vert ikkje dekka av Vestlandsutstillingen. Styret kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades.

Årsmøtet er vedtaksført med det tal røysteføre medlemmer som møter. Ingen av medlemsorganisasjonane har meir enn ei røyst, og røysting kan ikkje skje ved fullmakt.

Forslag til vedtektsendringar kan berre handsamast dersom dei er lagt til sakslista seinast 4 veker før årsmøtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei røysteføre krev det. Slik avgjerd kan berre takast i samband med godkjenning av sakslista.

 

  • 12 Leiing av årsmøtet

Årsmøtet vert leia av vald dirigent. Dirigenten treng ikkje å vere ein representant frå medlemsorganisasjonane.

 

  • 13 Røysting på årsmøtet

Alle val skjer ved simpelt fleirtal. Kvart styremedlem vert vald ved særskild val. Dersom ein kandidat ikkje har fått meir enn halvparten av dei gjevne røystene, skal det haldast omval mellom dei to kandidatar som har fått flest røyster. Er det ved omval røystelikskap, vert valet avgjort ved loddtrekking.

 

  • 14 Årsmøtet sine oppgåver

Årsmøtet skal:

  1. Handsame Vestlandsutstillingen si årsmelding.
  2. Handsame Vestlandsutstillingen sitt rekneskap i revidert stand.
  3. Orienterast om budsjett for det inneverande året.
  4. Handsame innkomne forslag.
  5. Vedta Vestlandsutstillingen sitt budsjett for komande år.
  6. Fastsetje godtgjering for verv.
  7. Velje:
    1. Leiar
    2. Styremedlemmer
    3. Valkomité

 

  • 15 Ekstraordinære årsmøter

Ekstraordinære årsmøter vert haldne når styret avgjer det, eller minst ein tredjedel av dei røysteføre medlemmene krev det.

Det vert kalla inn på same måte som for ordinære årsmøter, med minst to veker varsel.

Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame og ta avgjerder i dei sakene som er kunngjorde i innkallinga.

 

  • 16 Vedtektsendring

Endringar i desse vedtekter kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på saklista, og det vert kravd 2/3 fleirtal av dei gjevne røystene.

 

  • 17 Oppløysing

Oppløysing av Vestlandsutstillingen kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, vert det kalla inn til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. For at oppløysinga skal skje må vedtaket her gjentakast med 2/3 fleirtal.

Samanslutning med andre foreiningar vert ikkje sett på som oppløysing av Vestlandsutstillingen.

Vedtak om samanslutning og naudsynte vedtektsendringar i tilknyting til dette skal treffast i samsvar med avgjerd om vedtektsendring, jf. § 16.

Eventuelle verdiar og eigedelar vert fordelt likt mellom medlemsorganisasjonane etter årsmøtet si avgjerd.