Endre Aalrust

Endre Aalrust (f. 1973) er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen 1998-2002. Han har ein lang og internasjonal praksis, med ei mengd utstillingar med verk i ulike teknikkar og materialar. Han er kjent for å inkludere motiv frå folkeleg lågkultur i verk, og ofte og element frå skeiv kultur. Han viser i 2024 to målarstykke, begge viser kyr i det som liknar (vest)norske landskap. På det eine er og ein gut som ligg i graset bak den eine kua, og sjekkar datingappen Grindr. Deltakar i Vestlandsutstillingen år 2019, 2024. Bilde: Landscapes, 2013–2018. 8 malerier, akryl og olje på lerret og huntonitt. Fra publikasjonen Vi er stedene, 2019.