Marte Danielsen Jølbo

Kurator for Vestlandsutstillingen 2019. Marte Danielsen Jølbo (f. 1984 i Stavanger) er kurator, skribent, redaktør og kunstformidlar. Sidan 2012 har ho drive prosjektrommet og forlaget Another Space – prosjektrom for kunst og arkitektur saman med arkitekt Nicola Markhus, og ho er medstiftar og redaktør for Contemporary Art Stavanger (CAS). Jølbo har vore kurator for ei rekkje utstillingar og tverrfaglege prosjekt, og har skrive og redigert fleire kunstfaglege essay og publikasjonar. I 2012 mottok Jølbo Stavanger kommune sitt kunstkuratorstipend, og ho har nyleg delteke i dei kuratoriske programma Curatorial Program for Research: Mexico, OCAs kurator-residency på ISCP i New York og KOROs Kuratorpraksis + det offentlege rom. Jølbo har ein mastergrad i Moderne kultur og kulturformidling frå Københavns Universitet og ein bachelor i litteraturvitskap. Ho er nyleg tilsett som kurator hjå KORO i Oslo.