Audar Kantun
Audar Kantun (f. 1986 i Bodø) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Statens Kunstakademi. Han målar i skjeringspunktet mellom satiriske undergrunns-teikneseriar og nasjonalromantikk. Mykje av motivkretsen er henta frå norsk folkekultur, bygdekultur og folkelege framstillingar av natur. Han viser i 2024 eit digert målarstykke som viser ein god gammaldags bygdefest. Deltatt i Vestlandsutstillingen 2014, 2024.