Kurt Johannessen

F. 1960 basert i Bergen. Kurt Johannessen arbeider med performance, bøker, video og installasjon. Han har produsert over 300 ulike performancar med visningar i Europa, Asia og Amerika sidan tidleg på 80-talet. Hans performancar har ofte eit poetisk og minimalistisk formspråk. Han har hatt utstillingar ei rekkje stader i Noreg, blant anna Bergen Kunstmuseum og Kunstnernes Hus (2007) og i Kunstnerforbundet (2016). Han gir ut artists books på eige forlag. Mange av hans bøker er tekstrelatert, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ein setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. Han har så langt laga meir enn 90 bøker. Fleire av bøkene er innkjøpt av Norsk Kulturråds innkjøpsordning og mange av bøkene er oversett til engelsk. Sidan 2013 har mange av hans bøker (Om-noko) vore grunnlag for mange performanceforedrag. Bøkene i Om-noko serien ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Deltatt i Vestlandsutstillingen 1993, 1995, 1999, 2003, 2016. Sjå www.zeth.no for meir info.