Tora Endestad Bjørkheim og Gerd Endestad

Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986) har BA og MA fra Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (no KMD/UiB). Arbeidet hennar undersøker dei tekstile handverksteknikkane sitt potensiale til å skape og ivareta både emosjonelle og sosiale rom. Arbeidet er både ei form for biletskaping og ein produksjon av delvis funksjonelle objekt der håpet er å skape forskyvingar i forholdet mellom «bruk» og «bilete». Slik forsøker ho å få arbeidet til å mane fram ein kroppsleg og kjenslemessig medviten i og om utstillingssituasjonen. Gerd Endestad (f. 1960) er utdanna på Kunsthøgskulen i Oslo og Bergen, høvesvis ved institutt for metall, og møbel- romdesign/interiørarkitektur. Ho interesserar seg for mellommenneskelege tilstandar, for kommunikasjon, resonans og makt - omgrep som omfattar fleire aktørar. Ho har i sin kunstnarlege praksis jobba hovudsakleg med skulptur, installasjon og fotografi, og i dei seinare åra mest med japansk tresnitt/mokuhanga.
