Bjørn Hatterud
Bjørn Hatterud (fødd 1977) er kvart sunnmøring, har eit tverrfagleg kunstfagleg virke, og er i sitt arbeid særleg oppteken av motsetningspara høg-/lågkultur, konformitet/motstand og normalitet/avvik. Han er forfattar, musikar, kritikar og kurator, med ei lang rekkje utgjevingar og prosjekt i ulike sjangrar og kunstuttrykk bak seg. Han har saman med Jan Grue og Olaug Nilssen mottatt Fritt Ords Pris for sitt «bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen til funksjonshemmede i Norge». Kurator for Vestlandsutstillingen 2024. Foto: Jannik Abel