Emil Abrahamsen

Emil Abrahamsen (fødd 7. juni 1875 i Stavanger, død 16. mars 1964) var norsk kunstmalar, hovudsakleg med måleri frå Jæren. Abrahamsen var i 1900 elev av Sigurd Moe i Stavanger. I 1920 var han òg elev av André Lhote på Académie Moderne i Paris. Etter studiet i utlandet slo Abrahamsen seg ned for godt utanfor Stavanger. Han henta motiva hovudsakleg frå Jæren: Gamle hus, åkrar og marker, overgrodde trær. Han hadde ein stor og omfattande produksjon. Måleri av Abrahamsen er i eige av Rogaland Kunstmuseum, Rasmus Meyers samlingar, Haugesund Billedgalleri, Sandnes Kunstforening og Christiansands Kunstforening. Abrahamsen debuterte på De unges utstilling i Kristiania i 1906. Han deltok på Høstutstillingen første gong i 1908. Seinare hadde han ei rekke separatutstillinger og bidrag til kollektivutstillingar, mellom anna Vestlandsutstillingen. Emil Abrahamsen var jury for Vestlandsutstillingen i 1928. Kilde: Wikipedia