Gerd Endestad

Gerd Endestad (f. 1960) er utdanna på Kunsthøgskulen i Oslo og Bergen, høvesvis ved institutt for metall, og møbel- romdesign/interiørarkitektur. Ho interesserar seg for mellommenneskelege tilstandar, for kommunikasjon, resonans og makt - omgrep som omfattar fleire aktørar. Ho har i sin kunstnarlege praksis jobba hovudsakleg med skulptur, installasjon og fotografi, og i dei seinare åra mest med japansk tresnitt/mokuhanga. Endestad har stilt ut mellom anna ved Nordnorsk Kunstnarsentrum, Svolvær; Manx National Heritage, Isle og Man; Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde; Samisk Kunstnersenter, Karasjok, og CfSHE Gallery, Tokyo. Ho har også hatt kunstnarlege oppdrag for offentleg rom. I tillegg til eigen kunstnarleg praksis har Endestad fungert som kunstkonsulent for KORO, mellom anna for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal; Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid, og Sentrumsparken, Sogndal. Ho har også brei erfaring fra kunstfaglege verv, mellom anna som styreleiar og styremedlem i BKSF, og i frå innkjøpskomité og innstillingsutval. I perioden 1999-2023 var ho tilsett som undervisar i visuell kunst ved Kulturskulen i Vågsøy/Kinn kommune. Gerd Endestad bur og arbeider på heimstaden i Rimstaddalen i Nordfjord.