Kjetil Berge

Kjetil Ingvar Berge (fødd 1957) er ein norsk billedkunstner som jobbar med video, fotografi og skulptur. Han er fødd i Ølen, bur og jobbar i London, Storbritannia, men oppheld seg òg mykje på Kvalnes i Lofoten. I 2006 deltok han på Havanna Biennalen på Cuba. Utvalde soloutstillnger er Oslo Kunstforening i 1997, Galleri MGM i 2001, LAUTOM contemporary i 2010 og det kunstnerdrevne galleriet Noplace i Oslo i 2013. Han har utdanninga si frå Slade School of Fine Art i London (1987-1989), Escola Superior de Belas Artes de Lisboa i Portugal (1984-1985) og Bergens Kunsthåndverkskole (1982-1986). Han er mellom anna innkjøpt av The Arts Council i Storbritannia, Nasjonalmuseet i Oslo, Jyväskylä Art Collections i Finland, Oslo kommunes kunstsamlingar, ambassaden i London og Norsk kulturråd.