Tora Endestad Bjørkheim

Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986) har BA og MA fra Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (no KMD/UiB). Arbeidet hennar undersøker dei tekstile handverksteknikkane sitt potensiale til å skape og ivareta både emosjonelle og sosiale rom. Arbeidet er både ei form for biletskaping og ein produksjon av delvis funksjonelle objekt der håpet er å skape forskyvingar i forholdet mellom «bruk» og «bilete». Slik forsøker ho å få arbeidet til å mane fram ein kroppsleg og kjenslemessig medviten i og om utstillingssituasjonen. Utstillingar og prosjekt inkluderar mellom anna BUDS, KRAFT, Bergen; Gesture Texture Display, BOA, Oslo; Flat Factory Study Sample, Visningsrommet USF, Bergen; Omformulerte forekomster, Kunstnerforbundet, Oslo; The Partisan Café, Bergen Assembly 2016. I tillegg til å vere aktiv kunstnar har også oppdragsbasert skriving og sjølvinitiert tekst- og redaktørarbeid vore ein del av Bjørkheim sin praksis. Ho har vore medlem av mellom anna redaksjonsrådet i Norwegian Crafts og Tidsskriftet Kunsthåndverk, og var i perioden 2017-2023 styremedlem i Norske Kunsthåndverkere sitt sentralstyre. Sidan 2018 har Bjørkheim vore tilsett som høgskolelektor ved fagområde tekstil på Kunsthøgskolen i Oslo. Tora Endestad Bjørkheim bur og arbeider i Oslo.