Kunstnariske leiarar er Tora Endestad Bjørkheim og Gerd Endestad.
Tora Endestad Bjørkheim og Gerd Endestad vil på bakgrunn av innsendte søknader gjere eit utval av kunstnarar som dei ønskjer å samarbeide med fram mot Vestlandsutstillingen 2027. Kunstnariske leiarar står fritt til å velje andre verk/prosjekt frå kunstnarskapa enn dei verk som ligg ved søknaden. Kunstnariske leiarar har òg høve til å supplere utvalet sitt med kunstnarskap og prosjekt som ikkje inngår i denne opne utlysinga. Søkjarar kan søkje med fleire prosjekt, både som enkeltkunstnar og som duo eller kollektiv. De kan søkje med tidlegare viste verk, og det finst i utgongspunktet inga grense for kor nytt verket treng å vere. Søkjarar står i utgongspunktet fritt til å utforme søknad slik dei ønsker eller opplever som mest føremålstengleg. NB: Vestlandsutstillingen dekker kun kunstfrakt i Noreg, så om du er basert i utlandet, er du ansvarleg for at kunsten din finst innanfor landets grenser ved frakt til utstillingslokaler, om du blir valt ut til utstillinga.
Ved spørsmål kontakt utstillingsleiar Torleif Birkeland Bay:
kontakt@vestlandsutstillingen.no.

Gerd Endestad (f. 1960) er utdanna på Kunsthøgskulen i Oslo og Bergen, høvesvis ved institutt for metall, og møbel- romdesign/interiørarkitektur. Ho interesserar seg for mellommenneskelege tilstandar, for kommunikasjon, resonans og makt – omgrep som omfattar fleire aktørar. Ho har i sin kunstnarlege praksis jobba hovudsakleg med skulptur, installasjon og fotografi, og i dei seinare åra mest med japansk tresnitt/mokuhanga.
Endestad har stilt ut mellom anna ved Nordnorsk Kunstnarsentrum, Svolvær; Manx National Heritage, Isle og Man; Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde; Samisk Kunstnersenter, Karasjok, og CfSHE Gallery, Tokyo. Ho har også hatt kunstnarlege oppdrag for offentleg rom. I tillegg til eigen kunstnarleg praksis har Endestad fungert som kunstkonsulent for KORO, mellom anna for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal; Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid, og Sentrumsparken, Sogndal. Ho har også brei erfaring fra kunstfaglege verv, mellom anna som styreleiar og styremedlem i BKSF, og i frå innkjøpskomité og innstillingsutval. I perioden 1999-2023 var ho tilsett som undervisar i visuell kunst ved Kulturskulen i Vågsøy/Kinn kommune.
Gerd Endestad bur og arbeider på heimstaden i Rimstaddalen i Nordfjord.

Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986) har BA og MA fra Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (no KMD/UiB). Arbeidet hennar undersøker dei tekstile handverksteknikkane sitt potensiale til å skape og ivareta både emosjonelle og sosiale rom. Arbeidet er både ei form for biletskaping og ein produksjon av delvis funksjonelle objekt der håpet er å skape forskyvingar i forholdet mellom «bruk» og «bilete». Slik forsøker ho å få arbeidet til å mane fram ein kroppsleg og kjenslemessig medviten i og om utstillingssituasjonen.
Utstillingar og prosjekt inkluderar mellom anna BUDS, KRAFT, Bergen; Gesture Texture Display, BOA, Oslo; Flat Factory Study Sample, Visningsrommet USF, Bergen; Omformulerte forekomster, Kunstnerforbundet, Oslo; The Partisan Café, Bergen Assembly 2016. I tillegg til å vere aktiv kunstnar har også oppdragsbasert skriving og sjølvinitiert tekst- og redaktørarbeid vore ein del av Bjørkheim sin praksis. Ho har vore medlem av mellom anna redaksjonsrådet i Norwegian Crafts og Tidsskriftet Kunsthåndverk, og var i perioden 2017-2023 styremedlem i Norske Kunsthåndverkere sitt sentralstyre. Sidan 2018 har Bjørkheim vore tilsett som høgskolelektor ved fagområde tekstil på Kunsthøgskolen i Oslo.
Tora Endestad Bjørkheim bur og arbeider i Oslo.
Vestlandsutstillingen er ei årleg turnerande utstilling sidan 1922 med verk av kunstnarar som har tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Som einaste kuraterte landsdelsutstilling blir søkjarar til Vestlandsutstillingen kvart år etter open utlysing vurdert av profesjonelle kuratorar eller kunstnarar. Eineste krav er at ein har ei tilknytting til Vestlandet. Det kan innebere at ein er fødd her, har vakse opp, studert eller vore permanent busett ein periode i eitt av fylka Rogaland, Vestland eller Møre og Romsdal.