Jostein Gripsrud (fødd 1952) er medieviter. Han er professor (dr. philos) i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Kurator for Vestlandsutstillingen i 2004.
Christel Sverre (fødd 1960) er ein norsk billedkunstner og kurator basert i Oslo. Frå 2017 er ho tilsett som kurator ved Kunstbanken Hedmark kunstsenter. Kurator for Vestlandsutstillingen 2004.
Sverre er utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo (1988–1992) og Kunsthøyskolen i Bergen (1981–1986) Ho har vore aktiv som kunstnar og kurator frå byrjinga av 1990-talet. Sverre var med og starta fleire kunstprosjekt og visningsrom i og utanfor kunstinstitusjonane, til dømes prosjektromskafeen og kunstvideo-biblioteket Zoolounge (1996–99), Prosjekt i gamlebyen (PiG)(1993–95), Oslo One Night Stand (Kunstnernes Hus 1995) og Video Works (Kunstnernes Hus 2002).
I 2007 utgav ho antologien Meningen med sex redigert saman med Wencke Mühleisen. I 2011 var dei prosjektleiarar for forskingsprosjektet Sammen om det som resulterte i ei utstilling og publikasjon.
Sverre har arbeidd som førsteamanuensis ved Kunsthøgsolen i Bergen (2001-03) og Kunstakademiet i Trondheim, NTNU (2006-2012), og vore studieleiar ved Institutt for estetiske fag ved Høgskolen i Oslo og Akershus (2012-2016).
Sverre er òg konsulent for KORO (Kunst i offentlege rom). Ho har på 2000-talet stilt ut i mellom anna Berlin, København, Trondheim, Malmø, Oslo og Göteborg. Som kunstnar har Sverre arbeidd med performance og installasjon, og sidan 2000 har ho hovudsakleg produsert verk innanfor det fotografiske mediet.
10. januar
1. februar
Ålesund Kunstforening
6. mars
28. mars
Sunnfjord Kunstlag Førdehuset Førde
4. april
25. april
Haugesund Kunstforening
2. mai
23. mai
Stavanger Kunstforening
29. mai
1. august
Stord Kunstlag Leirvik
10. desember
22. desember
Bergen Kunsthall