Amund Gravdal

Amund Gravdal (f. 1988, Haugesund) har mellom anna gått på Nordland kunst- og filmskole, no tek han ein mastergrad ved Kunstakademiet i Bergen. Han har særleg stilt ut på Vestlandet og han er kjent for sine landskapsmåleri, der motivkretsen ofte er henta frå kunstnaren si heimlege utsikt. Han er og musikar med ulike album og låtar bak seg, i spennet mellom instrumental folk og noise. Han viser i 2024 eit landskapsmåleri, tonesett med eigen musikk i hovudtelefonar. Debuterte i Vestlandsutstillingen i 2024.