Eirik Falckner

Eirik Falckner (f. 1995) er pseudonym for ein ung kunstnar utdanna ved Kunstakademiet i Bergen. Falckner vart først kjent som graffitimålar, med ein eksperimentell og arkaisk stil inspirert av runer, hieroglyfar og holemåleri. Dei seinare åra har han jobba fram ein særeigen estetikk med referansar som peikar i retning mellom anna black metal, vestnorsk urskog og Theodor Kittelsen. Han viser i 2024 to større keramiske verk. Debuterte i Vestlandsutstillingen i 2024.