Christel Sverre

Christel Sverre (fødd 1960) er ein norsk billedkunstner og kurator basert i Oslo. Frå 2017 er ho tilsett som kurator ved Kunstbanken Hedmark kunstsenter. Kurator for Vestlandsutstillingen 2004. Sverre er utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo (1988–1992) og Kunsthøyskolen i Bergen (1981–1986) Ho har vore aktiv som kunstnar og kurator frå byrjinga av 1990-talet. Sverre var med og starta fleire kunstprosjekt og visningsrom i og utanfor kunstinstitusjonane, til dømes prosjektromskafeen og kunstvideo-biblioteket Zoolounge (1996–99), Prosjekt i gamlebyen (PiG)(1993–95), Oslo One Night Stand (Kunstnernes Hus 1995) og Video Works (Kunstnernes Hus 2002). I 2007 utgav ho antologien Meningen med sex redigert saman med Wencke Mühleisen. I 2011 var dei prosjektleiarar for forskingsprosjektet Sammen om det som resulterte i ei utstilling og publikasjon. Sverre har arbeidd som førsteamanuensis ved Kunsthøgsolen i Bergen (2001-03) og Kunstakademiet i Trondheim, NTNU (2006-2012), og vore studieleiar ved Institutt for estetiske fag ved Høgskolen i Oslo og Akershus (2012-2016). Sverre er òg konsulent for KORO (Kunst i offentlege rom). Ho har på 2000-talet stilt ut i mellom anna Berlin, København, Trondheim, Malmø, Oslo og Göteborg. Som kunstnar har Sverre arbeidd med performance og installasjon, og sidan 2000 har ho hovudsakleg produsert verk innanfor det fotografiske mediet.