Terese Longva

Jurymedlem på vegne av BKMR for Vestlandsutstillingen 2017 saman med Heather Jones, Astrid Wittersø og Joakim Lund. Fungerande styreleiar for Vestlandsutstillingen 2016 - 2017. Terese Longva bur på Skuløy i Møre og Romsdal. Ho utforskar korleis ein ny sosial subjektivitet vert til i eit moderne samfunn – som eit mogleg resultat av ei stendig aukande samanveksing mellom menneskekroppar og nettverk av ulike slag i omgjevnadene. Longva interesserer seg for tilblivingsprosessar i materien og samfunnet, og brukar gjerne Nordøyane som utgongspunkt for undersøkjingane sine. Frå og med våren 2012 har Terese Longva hatt eit nært samarbeid med Harald Dyrkorn. Dei brukar samtalen som utviklingsmetode og opplever at det gjennom denne blir til noko nytt. Dette nye stammar ikkje frå den enkelte, men blir til /i mellom, /i ein ikkje-lineær, sosial og materiell prosess. Longva har stilt ut og delteke på ei rekkje galleri og festivalar i inn- og utland. Sidan 2010, har ho samarbeidd med Laurel Jay Carpenter (USA/UK) i duoen Longva+Carpenter. Longva er medlem av BKMR og PAB (Performance Art Bergen).