Arkiver: Kunstner

Eirik Brandal

Eirik Brandal (f. 1991) er utdanna komponist ved det Kongelege Musikkonservatoriet i Haag. Han er blitt kjent for ein serie av sjølvlaga musikkmaskinar, som alle er ulike i stil, men gjennomførte i visuell estetikk. Han viser i 2024 ei slik maskin som kan likne på eit eksentrisk tradisjonsinstrument i svart lakk, men som har blinkande lysdiodar og lagar ein serie av digitale synth-lydar. Lydane går i tonerekkjer henta frå (vest)norske kulokkar (kom kyra!). Eirik Brandal er ein kunstnar og komponist med base i Riga, Latvia, men fødd i Stavanger. Medan han opphavleg studerte musikkomposisjon, har arbeidet hans bevega seg mot elektroniske lydskulpturar. Med lydskulpturane ønskjer han å avdekkja den ibuande skjønnheita til krinsen. Debuterte i Vestlandsutstillingen i 2024.

Amund Gravdal

Amund Gravdal (f. 1988, Haugesund) har mellom anna gått på Nordland kunst- og filmskole, no tek han ein mastergrad ved Kunstakademiet i Bergen. Han har særleg stilt ut på
Vestlandet og han er kjent for sine landskapsmåleri, der motivkretsen ofte er henta frå kunstnaren si heimlege utsikt. Han er og musikar med ulike album og låtar bak seg, i spennet mellom instrumental folk og noise. Han viser i 2024 eit landskapsmåleri, tonesett med eigen musikk i hovudtelefonar. Debuterte i Vestlandsutstillingen i 2024.

Nina Eriksson

Nina Eriksson er masterstudent ved Kunstakademiet i Bergen (2020-2025). Ho er frå ein generasjon av yngre, skeive kunstnarar som flettar estetiske praksisar frå skeiv undergrunnskultur saman med kjent ikonografi frå tradisjonsog samtidskunst. Ho viser i 2024 eit nyprodusert verk, ein installasjon i tekstil og blanda materialar som tek for seg kristen ikonografi, opp mot nyare myter og fantastiske førestillingar frå skeiv film, foto og litteratur. Debuterte i Vestlandsutstillingen i 2024.

Terje Grimen

Terje Grimen (f. 1989 i Sverige) har bachelorgrad frå Kunstakademiet i Tromsø og er masterstudent i tekstil ved KHIO. I gatekunstkretsar er han kjent under pseudonymet Tegson, der han har gjort ei mengd kommersielle og ikkje-kommersielle oppdrag. Som kunstnar jobbar han med måling og tekstil. Han viser eit verk i tekstil og treverk som byggjer på bilete av ei raud og radikal 1. mai-fane. Debuterte på Vestlandsutstillingen i 2024.

Nora Adwan

Nora Adwan (f. 1983, London) har ei mastergrad frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen og ein brei multimedial praksis. Debuterte på Vestlandsutstillingen i 2024. Ho er del av den palestinske diasporaen og jobbar frå diasporaperspektiv, der sakn, heimkjensle, kontrastar, konfliktar og samanheng vert løfta fram. Multimediaverket hennar, der Vestlandet er sentralt, tek for seg det tvitydege ved å høyre til fleire plassar, om gevinstar og tap ved å måtte forlate ein stad til fordel for ein annan, om erfaringar av å vere ein plass fysisk og ein annan plass i minnet.

Darryn Lee

Darryn Lee (f. 1975) er sjølvlært figurativ målar, fødd i Irland. Han har ein motivkrets som viser samtida, og er særleg kjent for sine bilete av oljearbeidarar og livet på plattformar. Han viser i 2024 eit nyprodusert verk av ein plattform med arbeidarar. Debuterte på Vestlandsutstillingen i 2024.

Preben Solevåg

Preben Solevåg har bachelorgrad frå Kunstakademiet i Trondheim. Han har ein multi-medial praksis, som teiknar, målar, komponist og artist, filmskapar og skulptør. Han viser i 2024 ein eigenprodusert TV-serie, der scenane er henta frå heimbyen Ålesund. Debuterte på Vestlandsutstillingen i 2024.

Unni Marie Lien

Unni Marie Lien er fagutdanna i kjole-/linsaum, vev, dekor og rosemåling. Ho har vore profesjonell rosemålar med eigen verkstad og eige utsal i Ølen sidan 1980. Ho er kjent for å kombinere strenge tradisjonsuttrykk med utradisjonell eksperimentering. Ho blandar til dømes airbrushteknikkar og fotoprint inn i rosemålinga, og har samarbeidd med ulike aktørar i design og kunst. Ho viser i 2024 eit stort utval rosemåla fat. Unni Marie Lien debuterte på Vestlandsutstillingen i 2024.