Arkiver: Kurator

Gerd Endestad

Gerd Endestad (f. 1960) er utdanna på Kunsthøgskulen i Oslo og Bergen, høvesvis ved institutt for metall, og møbel- romdesign/interiørarkitektur. Ho interesserar seg for mellommenneskelege tilstandar, for kommunikasjon, resonans og makt – omgrep som omfattar fleire aktørar. Ho har i sin kunstnarlege praksis jobba hovudsakleg med skulptur, installasjon og fotografi, og i dei seinare åra mest med japansk tresnitt/mokuhanga.

Endestad har stilt ut mellom anna ved Nordnorsk Kunstnarsentrum, Svolvær; Manx National Heritage, Isle og Man; Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde; Samisk Kunstnersenter, Karasjok, og CfSHE Gallery, Tokyo. Ho har også hatt kunstnarlege oppdrag for offentleg rom. I tillegg til eigen kunstnarleg praksis har Endestad fungert som kunstkonsulent for KORO, mellom anna for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal; Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid, og Sentrumsparken, Sogndal. Ho har også brei erfaring fra kunstfaglege verv, mellom anna som styreleiar og styremedlem i BKSF, og i frå innkjøpskomité og innstillingsutval. I perioden 1999-2023 var ho tilsett som undervisar i visuell kunst ved Kulturskulen i Vågsøy/Kinn kommune.

Gerd Endestad bur og arbeider på heimstaden i Rimstaddalen i Nordfjord.

Tora Endestad Bjørkheim

Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986) har BA og MA fra Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (no KMD/UiB). Arbeidet hennar undersøker dei tekstile handverksteknikkane sitt potensiale til å skape og ivareta både emosjonelle og sosiale rom. Arbeidet er både ei form for biletskaping og ein produksjon av delvis funksjonelle objekt der håpet er å skape forskyvingar i forholdet mellom «bruk» og «bilete». Slik forsøker ho å få arbeidet til å mane fram ein kroppsleg og kjenslemessig medviten i og om utstillingssituasjonen.

Utstillingar og prosjekt inkluderar mellom anna BUDS, KRAFT, Bergen; Gesture Texture Display, BOA, Oslo; Flat Factory Study Sample, Visningsrommet USF, Bergen; Omformulerte forekomster, Kunstnerforbundet, Oslo; The Partisan Café, Bergen Assembly 2016. I tillegg til å vere aktiv kunstnar har også oppdragsbasert skriving og sjølvinitiert tekst- og redaktørarbeid vore ein del av Bjørkheim sin praksis. Ho har vore medlem av mellom anna redaksjonsrådet i Norwegian Crafts og Tidsskriftet Kunsthåndverk, og var i perioden 2017-2023 styremedlem i Norske Kunsthåndverkere sitt sentralstyre. Sidan 2018 har Bjørkheim vore tilsett som høgskolelektor ved fagområde tekstil på Kunsthøgskolen i Oslo.

Tora Endestad Bjørkheim bur og arbeider i Oslo.

Tora Endestad Bjørkheim og Gerd Endestad

Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986) har BA og MA fra Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (no KMD/UiB). Arbeidet hennar undersøker dei tekstile handverksteknikkane sitt potensiale til å skape og ivareta både emosjonelle og sosiale rom. Arbeidet er både ei form for biletskaping og ein produksjon av delvis funksjonelle objekt der håpet er å skape forskyvingar i forholdet mellom «bruk» og «bilete». Slik forsøker ho å få arbeidet til å mane fram ein kroppsleg og kjenslemessig medviten i og om utstillingssituasjonen.

Gerd Endestad (f. 1960) er utdanna på Kunsthøgskulen i Oslo og Bergen, høvesvis ved institutt for metall, og møbel- romdesign/interiørarkitektur. Ho interesserar seg for mellommenneskelege tilstandar, for kommunikasjon, resonans og makt – omgrep som omfattar fleire aktørar. Ho har i sin kunstnarlege praksis jobba hovudsakleg med skulptur, installasjon og fotografi, og i dei seinare åra mest med japansk tresnitt/mokuhanga.

Karl Edvin Endresen

Karl Edvin Endresen (f. 1980) er kunstnar og kurator, basert i Kristiansund. Endresen er grunnleggar og dagleg leiar av Kristiansund Kunsthall, kor han har kuratert ei rekke utstillingar sidan kunsthallen opna i 2021. Han har studert ved Nordland kunst- og filmskole, Prosjektskolen, og har ein bachelorgrad og mastergrad i kunst frå Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO).
Foto av: Daniel Westad

Vibece Salthe

Vibece Salthe (f. 1973) er utdannet Cand. philol i kunsthistorie fra Universitet i Bergen, og har en Diploma i hagehistorie fra The Royal Botanic Garden, Edinburgh. Salthe er ansatt som kurator ved Stavanger kunstmuseum, MUST. Hun har jobbet med samlinger, publikasjoner og utstillinger i museumsfeltet i mer enn 20 år – spesielt innenfor feltene modernisme og samtidskunst. Hun har en særlig interesse for feministiske og økologiske perspektiver, og har utforsket skjæringspunktet mellom kunst og botanikk. I løpet av de siste 15 årene har Salthe kuratert en rekke kritikerroste utstillinger som favner et bredt utvalg av norske og internasjonale kunstnere, deriblant Sophie Calle: Take Care of Yourself (2013); Marit Victoria Wulff Andreassen – Through the Woods (2015); Dark Side of the Moon: Nathalie Djurberg og Hans Berg (2017); FLORA – mellom planter og mennesker (2019); Jan Groth – Forløp og volum (2022), samt utstillingen Ruth Asawa: Citizen of the Universe (2022). Kurator for Vestlandsutstillingen 2025. Foto: Helle Navratil

Bjørn Hatterud

Bjørn Hatterud (fødd 1977) er kvart sunnmøring, har eit tverrfagleg kunstfagleg virke, og er i sitt arbeid særleg oppteken av motsetningspara høg-/lågkultur, konformitet/motstand og normalitet/avvik. Han er forfattar, musikar, kritikar og kurator, med ei lang rekkje utgjevingar og prosjekt i ulike sjangrar og kunstuttrykk bak seg. Han har saman med Jan Grue og Olaug Nilssen mottatt Fritt Ords Pris for sitt «bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen til funksjonshemmede i Norge». Kurator for Vestlandsutstillingen 2024.

Foto: Jannik Abel

Heidi Rødstøl

Heidi Rødstøl ( f. 1973 ) er kurator for Vestlandsutstillingen 2023. Ho er biletkunstnar, konsulent og kurator basert på Åfarnes i Møre og Romsdal. Rødstøl har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen. avdeling kunstakademiet. I den kunstnarlege praksisen sin interesserer Rødstøl seg for rom, og korleis relasjonar i rommet vert sansa og fortolka. Dette har resultert i ulike seriar av arbeid der ho utforskar og undersøkjer spesifikke situasjonar gjennom tredimensjonale teikningar, måleri, installasjonar og foto. Rødstøl har hatt ei rekkje oppdrag som kunstfagleg prosjektleiar for kunst i offentlege rom, og har vore juryleiar for Nordnorsken i 2018. Ho har vore knytt til Kunstfagskulen i Ålesund, der ho mellom anna har undervist i 3D og romleg kunst.

Grethe Grathwol

Kurator for Vestlandsutstillingen 1999. Intendant for Bergen Kunstforening 1980-1983.