Arkiver: Kurator

Heidi Bjørgan

Heidi Bjørgan (f.1970) har MA i keramisk kunst, samt Skapende kuratorpraksis frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har bidrege til ei fornying av diskursen knytta til kunsthandverk i norsk samanheng, både gjennom sitt arbeid som kunstnar, og gjennom si verksemd som kurator. Ho var med på å starte galleri/prosjektrommet Temp i Skottegaten i Bergen (2000-2002). Bjørgan har blant anna vore kurator for utstillingar ved Rogaland Kunstsenter, Galleri F15, Hordaland kunstsenter og Galleri Format. På KODE har ho kuratert den internasjonale utstillinga Thing Tang Trash og Signert Inger Waage. Heidi Bjørgan var også medkurator for den store mønstringa av Norsk og kinesisk kunsthandverk Beyond g(l)aze som vart vist både på Suzhou Jinji Lake Art Museum i Kina og på KODE. Bjørgan er også medkurator for utstillinga KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff på KODE (2019).

Espen Johansen

Espen Johansen (1985, Noreg) er kunsthistorikar, kurator og skribent basert i Tromsø og Bergen. Han tek ein PhD som kurator ved Kunstakademiet i Tromsø, og har ein mastergrad i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og ein grad i kreativ kuratering fra Kunst og Designhøgskolen i Bergen. I 2019 deltok han på det eittårige kurset, ‘Negotiating Artistic Value: Art and Architecture in the Public Sphere’ ved Royal Institute of Art i Stockholm. Hans kuratoriske praksis er særleg fokusert på kunst i det offentlege rom og maktstrukturane i den offentlege sfære.

www.espenjohansen.art

Lars Sture

Kurator for Vestlandsutstillingen 2014. Lars Sture har si utdanning frå Kunsthøgskolen i Oslo (Kunstfag) og Kunsthøgskolen i Bergen (Kuratorprogrammet). Han har m.a. kuratert utstillingar for Utanriksdepartementet og Galleri F15. Han kuraterte nyleg utstillinga TREKK – Islandsk Samtidskunst, med Katrín Sigurdardóttir, Steingrímur Eyfjörð, Haraldur Jónsson, Örn Alexander Ámundason og Ragnar Kjartansson på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Foto: Kaja Bruskeland

Kjersti Solbakken

Kurator for Vestlandsutstillingen 2015. Kjersti Solbakken (f. 1984) er kurator busett i Oslo. For tida er ho tilsett som kurator ved Astrup Fearnley Museet der ho i samarbeid med Gunnar Kvaran har kuratert utstillinga Biography av Elmgreen & Dragset. Saman med Andreas Liebe Delsett etablerte ho i 2007 Feil forlag. Solbakken er også medarrangør av Tekstallianse, ein nordisk festival for småforlag og tidsskrift. Sidan 2011 har ho drive prosjektrommet Holodeck saman med Lina Norell og Silja Leifsdottir. Ho er utdanna kunstnar frå Kunstakademiet i Oslo og fullførte i 2012 studiet Skapende Kuratorpraksis ved Kunsthøgskolen i Bergen. Sidan 2017 er Kjersti Solbakken leiar for Kunstnerforbundet i Oslo.

Lars Korff Lofthus

F. 1978. Kunstnar med base både i Bergen og Hardanger. Kurator for Vestlandsutstillingen 2016 saman med Sveinung Rudjord Unneland.

Astrid Wittersø

Kunstnar f.1944 i Vestfold, busett i Førde. Lærar og biletkunstnar. Utdanna ved Bergen Kunsthåndtverkskole, Statens lærerskole i forming og Vestlandske kunstakademi. Arbeider i tekstil, maleri og glas, og har delteke i ei rad utstillingar på Aust-og Vestlandet. Er innkjøpt m.a. til sjukehuset på Nordfjordeid, sentralsjukehuset og kulturhuset i Aurland. Jurymedlem i Vestlandsutstillingen på vegne av BKSF i 2017 sammen med Heather Jones, Terese Longva og Joakim Lund.

Joakim Lund

Joakim Lund f. 1978 er utdanna kunstnar frå Kunsthøgskolen i Bergen. Lund har base i Haugesund. Jurymedlem på vegne av Haugesund Kunstforening i Vestlandsutstillingen 2017 saman med Astrid Wittersø, Heather Jones og Terese Longva. Styreleiar i Vestlandsutstillingen -2016.

Axel Revold

F. 1887 i Ålesund. D. 1962 i Bærum. Initiativtakar og jurymedlem for Vestlandsutstillingen i 1922 saman med konservator Einar Lexow. Axel Revold var kunstmålar og debuterte på Høstutstillingen i 1910. Utdanna seg ved Statens Tegneskole i Kristiania frå 1906 til 1908 som elev under Henrik Sørensen. Han gjekk deretter i lære hjå Henri Matisse i Paris frå 1908 til 1910.

Inspirert av naturen i Nord-Norge, kombinert med kubisme, ble han oppfattet som modernist. Axel Revold var med å innlede, og lede, den såkalte «freskoepoken» i norsk kunst sammen med Per Krohg og Alf Rolfsen. Freskene i «Frescohallen» i Bergen børs ble malt i tidsrommet fra 1921 til 1923.[1] Senere, med Per Krohg, malte han trappeveggene i Universitetsbiblioteket i Oslo i 1933, og i 1950 bidro han med fresker til Oslo rådhus.[2]

Revold var professor på Statens kunstakademi fra 1925 til 1946,[3] og drev under andre verdenskrig undervisning i Det Illegale Akademi. Ellers drev han egen malerskole med John Savio blant elevene. Revolds «Fiskevær i Lofoten» ble trykket på norske femkronerssedler fra 1955 til 1963. Han var initiativtager til kunstnerhuset i Svolvær. Kilde: Wikipedia. Foto: Axel Revold ca 1935. Byhistorisk samling i Oslo Museum / Wikimedia Commons

Einar Lexow

F. 1887 i Sarpsborg. D. 1948 i Bergen. Initiativtakar og jurymedlem for Vestlandsutstillingen i 1922 saman med målaren Axel Revold. Lexow var kunsthistorikar og konservator. Frå 1912 var han konservator på kulturhistorisk avdeling ved Bergen Museum. I 1932 vart han Direktør ved Vestlandske Kunstindustrimuseet. Foto: Wikimedia Commons

Sveinung Rudjord Unneland

Kurator for Vestlandsutstillingen 2016 saman med Lars Korff Lofthus. Sveinung Rudjord Unneland har MA frå Kunsthøgskolen i Bergen (2007). Han har stilt ut breitt gjennom separatutstillingar og gruppeutstillingar på t.d. Hordaland Kunstsenter, Galleri LNM, Tag Team Studio, Gallery 0047, KODE – Bergen Kunstmuseum, Kunstnerforbundet, Visningsrommet Entrèe, Kristiansand Kunsthall, Østfold Kunstsenter and Waterside Contemporary i tillegg til stadspesifikke prosjekt og oppdrag. Ved sida av dette har Rudjord Unneland vore aktiv i kunstnargruppa Members Club og innehar styreverv i UKS, B-Open, HKS, BEK and BKFH. Han har vore organisator for ei rekkje gruppeutstillingar, og har hatt ansvar for scene design ved fleire teateroppsetingar. Rudjord Unneland sine kunstprosjekt består gjerne av måleri og skulptur sett saman til installasjonar. Før han i 2018 vart stipendiat ved KMD/UiB, var haan tilsett som amanuensis ved KMD (2012-18).
https://www.sveinungunneland.com